Skeiv språkaktivisme – mest til glede eller frustrasjon?
Korleis har skeive personar blitt oppfatta og omtala gjennom tidene? Og korleis har skeive personar sjølve ønskt å bli omtala? Omgrep som «homoseksualitet» og «transperson» er relativt nye, men det er slett ikkje nytt å bryta normer for kjønn og seksualitet. Det er heller ikkje nytt å setja namn på dei av oss som gjer slikt. I dette føredraget skal filolog og forfattar Kristin Fridtun fortelja om bakgrunnen til nokre av orda og uttrykka som har vore nytta – og diskusjonane dei har skapt. GRATIS INNGANG.
For skeiv språkaktivisme skaper så absolutt debatt. Bevisste forsøk på å endra språket, til dømes innføra ord som gjer det meir kjønnsnøytralt, blir ofte møtt med latterleggjering og sinne. Men kor mykje veit folk flest eigentleg om skeiv språkaktivisme? Fridtun argumenterer for at media og andre aktørar ofte framstiller skeiv språkaktivisme på ein sterkt misvisande måte som piskar opp stemninga heller enn å skapa forståing. Eller kva skal vi seia om «kakeperson»-saka frå førjulstida 2022?
Kristin Fridtun (f. 1987) er fødd og oppvaksen i Elverum i Østerdalen. I åra 2006–2012 studerte ho nordisk, litteraturvitskap og latin ved NTNU i Trondheim. Sidan 2012 har ho vore forfattar på fulltid, fyrst med base i Bergen, deretter Lillehammer, der ho framleis bur. Fridtun har skrive ei rekkje artiklar og essay om språk og skeive emne og har gjeve ut sju bøker, til dømes Kjønn og ukjønn (2015), Homoflokar (2018) og Kunsten å irritera seg over skrivefeil (2021). Fridtun brukar både «ho» og «hen» som pronomen.
Begge foto: Lene Sørøy Neverdal